A lifechanging story!

Hallo! Da har eg faktsik fått lov til å låne bloggen til vår kjære Bene her, og tenkte eg sko missbruke den litt! Jau, jau, kva skal eg mase om da? Tenker det blir min litt dramatisk hendelse her om dagen på motorsykkel. Eg er ikkje så vant med å skrive blogg så venligst sjå mellom fingrane med meg på eventuelle feil eg gjer 😛

Ok. For ca. ei veke sida no var eg ute å kjørte motorsykkel med ein kamerat av meg. Hadde kjørt 50 mil for å reise bort å treffe fyren, så me tenkte at ein kort tur til butikken for å kjøpe litt smør så me kunne lage vaffler umulig kunne skade stort. Der tok vi feil, det er ofte da ting skjer! Eg kjørte først, og takk og lov for det for eg husker ikkje ein drit fra den turen, så greit å ha nokon til å fortelle kva som skjedde. Så det eg forteller nå er mest slikt han har fortalt meg.

Eg la sykkelen ned i ein sving,  som det skal gjerast når ein kjører motorsykkel. Plutselig slipper framdekket mitt, og ifølge kameraten min så slo eg saltoer bortover vegen, før eg treffer i autovernet med ryggen og fortsatte nerover grøfta med god peiling på elva i bunnen der. Eg stoppa halvveis og vart liggande stillt, så han springer ned for å sjå kva som skjedde. Der hadde visst hjelmen hengt seg fast i ei rot, så hang nermast etter hjelmen. Ellers hadde eg visst fortsatt nedover  og ut i elva.

Vennen min fikk heller ikkje kontakt med meg så besvimt var eg nok. Kom meg oppigjen fra grøfta, satt i veikanten og rota, og mor hans kom og henta meg og kjørte meg til legevakta. Eg vart visst berre meir og meir vekke menst me kjørte,  og forsvant fleire ganger.Da vi kom på legevakta var eg nesten ikkje tillsnakkandes, så det var ambulanse og diverse rare greier. Når vi kom til sjukehuset vart han berre dytta inn på eit rom og fikk beskjed om å vente der.

Da er vi komme til den delen der eg begynner å huske litt igjen, begynte å huske litt fra eg var i ambulansen. Huska det ikkje for ei lita stund sida, men husker meir og meir etter kvart. Eg vart møtt på sjukehuset av 5-6 leger eller kva det no var som trilla meg inn på akutten. Der låg eg med nakkekrage og hovudet teipa fast i båra.

Det var mellom 15 og 20 leger og sjukepleiere i det rommet. Dem klipte opp klæra mine, og og putta meg full av nåler og gud veit kva. Så ligger eg der da, teipa fast i båra med 15-20 personer som står å stresser verre over meg, kropper full av nåler og så mange poser med allt fra smertestillande til væske inn i kroppen at det hadde holdt til minst 14 andre også. Oksygen og pustehjelp og gud veit kva. Eg var innom alle mulige slags maskiner, dei leita etter hjerneblødning, indre blødninger, brudd, hjerneskader og allt som var.

Derfra var det rett til intensiven der eg vart liggande i eit par timer for å bli overvaka fram til dem fikk resultata. Da kom ein del venner av meg på besøk, uten at eg kunne sette fingeren på kven det var, og det var dei eg var på besøk hos og hadde vert ei veke før krasjet. Dei sa at mamma var informert, men kunne fanten ikkje huske kem det var heller. Deretter var det vidare til eit anna rom igjen. Og der vart eg liggande!

Da eg begynte å bli tilsnakkande igjen langt ut på natta, begynte eg jo å prøve å få kontakt med folk. Ikkje lett det når alle låg og sov. Når du ligger på sjukehuset og etter ein slik opplevelse, prøver å huske kva som har skjedd, har vondt som berre juling, ser 4 vegger og nåkken gardiner, allt er mørkt og det einaste selskapet ein får er ein sjukepleiar som kjem inn kvar time for å pumpe meir smertestillande inn i armen din, og du alikevell ikkje klarer å sove fordi det gjer for vondt.

DA begynner ein å tenke, det skal eg lova deg.

Ingen svarte på meldinger, ingen tok telefonen, untatt ein som tydeligvis var våken mitt på natta, nemlig vår kjære Benedichte! Det er merkelig igrunnen kor mykje hjelp det er i eit par meldinger midt på natta! Eg har spelt med ho på tw i over to år, aldri hørt stemmen henna før ho ringte meg eit par dager etterpå for å høyre koss da gikk, aldri sett ho på anna enn bilder, og alikevel, KEM var det som satt oppe heile natta for å holde ein liten vettskremt 17-åring med selskap menst han låg på sjukehuset etter å ha kjørt ut med lett-motorsykkel? Det var vår kjære Benedichte det. Ho stille opp, ho holdt meg oppe gjennom den mest jævlige natta eg har hatt nokon gong.

Da var det eg trengte nokon som var der, nokon som viste livsteikn og kunne sei eit par beroligande ord i ny og ne, og det var det ho som gjorde! Altså, det seier sitt! Man kan sei kva ein vil om spillferdigheitene eller personligheita hennes (eg synest begge deler er fantastisk) men man kan ikkje sei nåkka på at ho bryr seg om dei ho spiller i stamme med. Ho satt oppe heile natta, for å prate med meg, og det hadde eg rekna med fra familie eller venner eg har hatt sida eg gikk med bleier, men eg hadde ikkje forventa det av ein person eg aldri har truffe, sett på web, hørt stemmen til, berre spillt med! 🙂 Altså, det synest eg er fantastisk gjort! 🙂

Altså, kor vil eg med dette?

Jo, først og frems fortelle kor fantastisk bene er, det er altfor mange som fokuserer på kva ho gjer feil, men ho er ikkje så ille som alle skal ha det til, og nummer to: Livet er skjørt folkens! 17 år gammal, og no først begynner eg å sjå kor skjørt det faktisk er!

Altså, det tok litt grus, eit par pittesmå steiner, i veibana til før eg kunne ha dødd.  Ikkje meir, ikkje mindre!

– Det var SÅ langt om å gjere at rygg og nakke knakk
– Det var SÅ langt unna at eg kunne drukna om eg ikkje vart hengande etter hjelmen i ei rot
– Hadde eg fortsatt ned i elva bevistlaus, så kunne det gått verre.

Og da begynner ein å tenke på kva som er viktig i livet. Vi bruker så mykje tid på å prøve å passe inn at me gløymer kva som faktisk er viktig. Det er familie, venner og kjærligheit. Det er egentlig alt som betyr noko! Uten det så kan ein passe så godt inn ein berre vil, eller ha så mykje penger ein berre vil, og det vil egentlig ikkje bety noko.

Eg har gjort mange feil i eit nokså kort liv som eg har levd, og eg kjem garantert til å gjere fleire feil, men eg har lite lyst å dø før eg har levd livet mitt fullt ut for det det er verdt! Kver og ein er unike og fantastiske på sin måte! Kanskje høyrest eg ut som ein melankolsk og overfølsom apekatt her no, for er slik eg føler meg, men det er faktisk viktig å tenke over!

Sett pris på dei som er rundt dykk, dei som bryr seg om dykk, for det kjem ei tid der dykk ser kor viktige dem er! Og kan godt forstå dem som tenker “hah, tull, dette skjer berre med andre, treng ikkje være forsiktig, for det skjer aldri meg”, for eg er på samme måten. Backflippe ner fra ein traktor i 40 km/t, ut å sloss litt på byen, knekke eit par ting, gjer liksom ikkje noko. Og for å sei det slik, så er ikkje eg den som ligg i 30 km/t i 80-sona heller! Så ikkje noko problem å skjønne det, men serriøst, tenk litt over konsekvensane før dykk gjer ting. Det skjer fort, og det skulle altså ikkje meir til enn eit par lause småsteiner i veibana før eg var ute å leika med livet!

Så no, ei veke seinare, ligger eg her i senda, vondt som faen, med ein kul eg har fått GJENNOM hjelmen, og med nok smertestillande og resepter til å starte eit heilt forbanna apotek! Og for ka da? At eg tenkte at eg kunne ta svingen i 5 km/t meir enn ka eg burde?

Alvorlig talt, eg har hatt griseflaks, hadde eg truffe anderledes på autovernet hadde eg vert lam eller dau! Takk og lov at eg kjørte med full kjøredress sjølv om det berre var ein liten tur til butikken! Takk og lov for at eg ikkje hadde større fart enn eg hadde! Takk og lov for at eg lever i grunnen! Men eg har innsett kva som betyr noko i livet, og eg akter å gjere eit par grep for å sette større pris på dei rundt meg enn eg har gjort før! Eg har slete mykje depresivt før, har slete med det meste igrunnen, og gitt omtrent faen,

Benedichte sa det ville bli betre da eg satt i dei verste periodane mine, og jaggu hadde ho rett! 🙂 Det vart betre, men det var like før det slutta! Uansett kor jævligt nåkka er så blir det betre med litt tid og litt innsats, men det er og SÅ lett å rive ned igjen! Husk på det, sett pris på livet, sett pris på dei rund dykk, og lev livet, ha det gøy, men tenk litt på kva som kan skje!

Live and love, for det er det som er viktig! 🙂

Her er også ein sang som alle har hørt heilt til slutt! Eg har også hørt den ein million ganger, men for første gang høyrer eg meir enn det dei seier, og meir enn musikk! Første gang eg sitter å nesten griner av den (kanskje ikkje så veldig “mandig” men jaggu faen griner eg nesten alikevel! For første gang ser eg samanhengen! 🙂 Den seier meir enn eg nokon gong vil kunne gjere med berre ord, eller ord og gitar. Den seier noko om å ikkje gi opp, og det er viktig! Nyt den sangen, den er fantastisk! 🙂


Takk for meg! 🙂

Tormod

Read More